FERIE

God ettermiddag, kjære Ida. Eg kan med glede meddele at eg endeleg har fått sumarferie, eg også. Håk og eg kickstarta den på fredag med ein raudvinskveld, og i går var på på piknik på ein plass som heiter Håkonshaugen, passande nok. Der er DRITFINT:

Det var varmt nok til å gå utan sko, så då gjorde eg sjølvsagt det. Skulle ønske føter var finare, men den gang ei.

Håk sin yndlingsblome er forresten forglemmegei. "Sidan blåfargen er så sjeldan med mindre den er kunstig framstilt", visstnok.

Håk på Håkonshaugen.



I dag har vi løfta vekter, vaska spegelen på rommet og baka bananbrød. Eg trur ikkje det vert svært mykje meir enn dette. Vi skal jo ikkje på jobb i morgon uansett, haha!! No høyrer eg krafsing frå terrariet, og må bort for å sjekke kva Steingrim driv på med (det er veldig spanande).

Eg reknar forresten med at opphaldet ditt i Volda har våre svært rolig, og kjem dermed ikkje til å spøre deg om det, i frykt for at du då føler behov for å utbrodere om kvar minste detalj kun for å få det til å høyres ut som at du har gjort meir enn ingenting. INGENTING ER FLOTT, IDA :D Eg veit du veit det, men eg ville seie det uansett.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits