Lonertur

Hei igjen Idi. Som du sikkert fikk med deg var eg på tur på laurdag. Eg vart gåande aleine over Stoltzen og ned over Fløyen, men herregud så greitt det var. Eg var ikkje ein gong klar over at eg hadde behov for me-time før eg hadde kome opp på toppen. Tok meg sjølv i å tenke at eg ikkje treng nokon eller noko (vi veit begge at dette er langt fra sanninga), og det var godt for variasjonen sin del. Eg diggar skogsturar, kvifor gjer eg ikkje slikt oftare (sidan eg absolutt elskar seriar. Oitnb s3 er så langt dritbra, er på episode tre no). Fekk hyllebærsaft også.

Neste gong vil eg sjølvsagt ha deg med.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits