Blåbærpannekaker

Når du er lei av knekkebrød og havregraut, og det til og med kanskje er MANDAG; det er nettopp då du skal unne deg blåbærpannekaker til frokust. Til det treng du:
- 1,5 dl kveitemjøl
- 1/2 ts bakepulver
- 1/2 ss vaniljesukker/ekte vanilje/vaniljeessens
- Ei klype salt
- 1,5 dl mjølk
- Eit egg
- 25 g smør, og smør til steiking
- Blåbærsyltetøy

Start med å blande alt det tørre; mål opp først og hiv det i bakebollen. Då kan du bruke det samme litermålet etterpå.

Smelt smøret, gjerne i panna du skal steike i - så er den klar for første runde.

Bland alt det våte.

Rør saman det våte, så egget løyser seg opp.

Så blandar du vått og tørt; halvparten av det våte først, røyr godt, så resten.

La røra svelle i 10-15 min. Dette er ei god anledning til å rydde opp, eller lage kvardagskunst.

Medan vi ventar må eg skryte av denne: villblåbærmarmeladen frå fjordifrutta. Den er #1: utrulig god og søt, men ikkje på ein kvalmande måte #2: økologisk #3: det beste du kan ha på desse pannekakene. Kan blant anna kjøpast på meny.

Steik pannekakene på høg varme, men skru ned etter kvart. På det mest hektiske rekk du så vidt å forme alle pannekakene før du må snu den første.

Så smører du blåbær mellom alle pannekakene og lagar eit tårn, rett og slett fordi det ser jedna godt ut.

Nyt! Eksempelvis med Grease.

2 kommentarer

jizo

09.12.2013 kl.15:15

nam, det så godt ut!

Lilli

09.12.2013 kl.15:46

Så godt ut :)

Ida Skaare

09.12.2013 kl.15:59

<3

Skriv en ny kommentar

hits