Quitter

Prosjektet gjekk sjølvsagt rett i vasken. På dag to i prosjektet åt eg ein banan, på dag tre åt eg to rundstykker.

Det er tre grunnar til at prosjektet ikkje fungerte for meg:
1: Eg brukar sjeldan å planlegge dagane mine så nøye
2: Eg brukar som oftast å hive i meg det første eg finn
3: Eg har (nesten) alltid dårlig tid om morgonen
4: Det er eksamensperiode. Timinga kunne ikkje våre dårligare.

Det einaste positive eg har å seie om prosjektet er at det fungerar godt for to ting:
#1: Å ta seg tid til å lage skikkelig frukost er alltid ei investering, og det funka flott den eine dagen eg gjorde det.
#2: Det minte meg sjølv på at eg ikkje er eit matprosjekt-menneske. Eg er eit kunstprosjekt-menneske, og akkurat no har eg ikkje tid til å både lese til eksamen, bry meg om det eg likar OG bry meg om det eg ikkje likar. Så matprosjektet er over og ut. Knut. Sprut.

Ingen kommentarer

Ida Skaare

17.11.2013 kl.20:34

HAHAHAHHAHA du e verdens beste quitter <3

Skriv en ny kommentar

hits