Frukostblogging

Frå og med i dag skal eg dokumentere frukostane mine. Dette er ikkje kjærleiksblogging; det er eit prosjekt. Prosjektet går ut på å forsøke å lage eit frukostmåltid som passar dagen min, som eg har planlagt den. Så skal eg ved slutten av dagen forsøkje å konkludere med om mine frukostelege formaningar kan ha fungert som ein slags såpdom; og i so fall, om frukost faktisk kan hjelpe meg til å få den dagen eg vil ha.

Eg startar prosjektet med ein av dei absolutt betre frukostane.



Appelsinjuice, granateplete, vitaminbjørnar (med bringebærsmak, limited edition), sesamknekkebrød med philadelphia og ei skål med epler, yoghurt og nøtter.

Dagens planar
- Den mest produktive dagen på minst to veker
- Male eit maleri til eit prosjekt
- Poste ein PC
- Betale rekningar
- Symje
- Henge opp resten av postkorta
- Gjere ferdig prosjektet i grunnleggande design
- Avtale veil. time for utveksling femte semester
- Bestille tannlegetime
- Skrive på typografi-rapporten

Spådom
Eg treng mest sannsynelig mykje god frukost for å orke å drage meg gjennom dette. Er ikkje negativ i utgangspunktet, altså.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits