sjølvhjelp og einsemd, utan drama

I går kveld drog eg fram mi einaste sjølvhjelpsbok; den omhandlar bekymringar og korleis enn ikkje bør bry seg om dei. Der står det at du burde gjere det du trur på, så lenge du veit i hjartet ditt at det er rett.
    Det var noko av det største eg lærte frå boka. Tenkte at kanskje nokon der ute også kan ha bruk for å vere klar over dette. Eller kanskje eg tenkjer alt for mykje igjen.

Så må eg berre konstantere at eg er dårleg på å vere einsam. No er det ikkje slik at eg går rundt og forsøkjer å vere einsam, tvert i mot. Eg søkjer ofte etter sosiale aktivitetar, og er alltid med når eg vert spurd; dykk må ikkje tru eg berre går rundt og ventar på å ikkje ha nokon å hengje med. Neida. Eg slit med sånn ufrivillig einsemd som oppstår fordi eg kanskje anten er litt for sosial eller venene mine er litt for usosiale. Eg veit ikkje kva som er mest rett, det er sikkert ei balanse der ein plass. Men det føles så uendelig keisamt. Og så eg som trudde eg hadde blitt så flink til å vere aleine; eg har tillaggt meg hobbyar som måling, teikning, svømming og lesing i tillegg til skulearbeid, matlaging og oppgåvejobbing. Likevel er minst fire av sju dagar i veka uendeleg tome. Kva gjer ein med slikt?? Masing er intet alternativ.

Ingen kommentarer

Ida Skaare

30.10.2013 kl.22:46

Eg trur kanskje det viktigaste er å innsjå at det ikkje er farleg å vere einsam. Og at du kan ringe din ven (DVS MEG) når som helst <3

Skriv en ny kommentar

hits