søvn, viktigare ting enn søvn

"Eg burde ha lagt meg og eg vil legge meg og eg har sagt til alle at eg må legge meg".

Så sit du der fortsatt, fem minutt seinare, og har ikkje rikka deg; kva I ALL VERDA er det du tenkjer på? Hovudet ditt er forkjølelsesskada og tungt som bly, det trillar snart av om det ikkje får søvn. Du har produsert nok, tenkt nok, utnytta kreativiteten din til det fulle i dag. Du har vondt i nakken av å stire, av å sitje anspent fordi du har våre engasjert. Musklane øvst på ryggen er ømme, du har ikkje tenkt på å puste i dag. 

I morgon skal du få veiledning på ei oppgåve som du ikkje er fornøgd med. Du må opp tidlig for å jobbe meir med den, for du vil at den skal vere perfekt; og du veit at du aldri kjem til å synes at den er det; men du veit i alle fall at den kan bli betre. Og før det skal du bli fresh i dusjen og drikke mykje te og for ein gongs skuld ete ein skikkelig frukost og lese i den boka du nesten er ferdig med for å finne ut kva som skjer med hovupersonen, DU TRENG SØVN. NO.

 

Det går fint, eg klarer meg uansett. Eg lev. EG LEEEEEEV!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits