gynekologen og kaklekvinnene

I kveld kom eg heim frå to veker med herlig supersommarferie i Tyskland. Etter den obligatoriske "velkoman heim-familiemiddagen" vart det "velkoman heim-filmkveld". Kva var vel då meir passande enn å sjå ein film om ein kjekk gynekolog som sjarmerte damene i senk med sine kalde, metalliske verktøy?

Filmen handla eigentlig stort sett om kvinner. Det var kvinner over alt, av verste sort. Slike kvinner som verkeleg ikkje har noko for seg, om du skjønar kva eg meinar; dei jobbar ikkje, dei gjer svært lite på generell basis bortsett frå å ta med dei andre ingentinggjerande venninene sine på shoppingturar finansiert av sine styrtrike workaholick-menn. Eg fekk vondt i hovudet av å sjå filmen. Uansett kvar vår herlige, mannlige hovudperson var hen, var han omgitt av kvinner. Kaklande kvinner. Dei spøy ut ordflommar med omfang samanliknbart med dei tjukkaste trestammar i dei djupaste skogar - og det var ikkje kunnskap som fylte ytringane deira. Det var tomheit. Heilt tomme, dølle, beint fram forferdelig kjedelige ord danna endelause samansurium av setningar.

Heldigvis innehaldt filmen ei einaste innhaldsrik kvinne. Ei ekte, rolig, augesmilande og ærlig kvinne. Utan henne hadde eg mest sannsynelig gått på do og spelt fruit ninja medan heile den siste halvdelen av filmen utspann seg på vår litt for store velstandsfamilieflatskjerm. Takk, Helen Hunt, for at du er så vanlig, sann og truverdig. Vår hovudperson forelska seg (ikkje overraskande) i Helen Hunt, som eg forestiller meg at så mange andre også har gjort. Det skulle nesten heile filmen til før han sprang etter henne, men han tryna. Ho var fri, ho kunne ikkje sjå for seg å bli teken vare på og betalt for for resten av sitt liv. Vår hovudperson vart sjokkert over dette, satte seg i sin lysegule, taklause bil og køyrde uintensjonelt inn i ein tornado. Når han vakna var han i ein ørken i Mexico. Tre små senjoritas fekk bevisstleiken i han, og leda han rett til ei fødestove, der han tok i mot ein fantastisk liten krøplingbaby som var dekka i fødselsdritt. Men det var ok, det var flott, det var faktisk fantastisk. Det var ein gut.

 

Du, kvinne, kan absolutt ikkje forvente å bli heilt forstått av nokon mann, nokon gong. Ikkje heilt. Du er rett og slett for komplisert. 
Men det er eg også. Bra at eg har deg å kakle med. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits