Jolegrø-resultat

Nilsi tok meg med på overraskingstur på tirsdag! Det var ei av dei svært mange bursdagsgåvene eg fekk av han. Eg har ein ytterst generøs kjærast.

Turen gjekk til jolegrøbu - ei lita hytte ved eit vatn i ein dal 500moh. (ca), som Nils har skrytt av tidlegare. Der var heilt sinnsjukt idyllisk og fredelig. Vi slappa av, fiska, laga fjellmat og gjekk på hyttedo. Ikkje samtidig da. Om kvelden drakk vi opp dei siste restane frå whiskysmakiga vår i Skottland.

Vi satte også vårt første garn nokon sinne. Vi brukte den lisje 3Gen Nils fekk inn på mobilen til å google oss fram til ei holdbar metode. Heldigvis må vi ha klart å gjere noko rett; når vi tok det opp dagen etter hadde vi fått seks kreder. Kjempegøy!! Vi tok dei med tilbake til Volda og steikte og åt dei. Nydeleg godt, var det.

Skjeeeer med matbilete her da... Og ja, vi renska vekk skinn og bein før vi åt dei.

Én kommentar

Ida Skaare

20.06.2013 kl.23:01

So koselig!!! <3

Skriv en ny kommentar

hits