Å våkne i sovepose

Heldigvis vart negativiteten rundt den klamme soveposen straks letta når teltet vart opna og eg og Ida såg at sola skein litt lenger borte på graset.


-"Har du sove godt?"
-"Ikkje så veldig"
-"Ikkje eg heller.. Det vart litt kaldt"
-"Ja, eg måtte varme føtene bak knea"
-"Eg surra beina inn i teppet mitt, inni soveposen"


Litt seinare kjem systra til Ida ut medan vi et frukost i steintrappa. Ho spør om det var kaldt i natt.
-"Ja" svarer Ida.
-"Nei, berre av og til", konstanterar eg.

Eg klarar ikkje å sjå mørkt på noko når eg et god mat. Spesielt når det er frukost det er snakk om; kanskje frukost er undervurdert.

2 kommentarer

Eline

12.06.2013 kl.21:42

Frukost ER undervurdert! Og dessutan er det alltid litt kaldt delar av natta når ein søv i telt. Faktisk gjeld det når ein søv i sovepose generelt óg.

Frida

12.06.2013 kl.23:44

Så flott at du seier det! Fint å få det bekrefta, liksom. Soveposar lev litt sitt eige liv.

Skriv en ny kommentar

hits