Hellogoodbye

No er mitt første "stor"byforhold over. Det var temmeleg trist å flytte frå Bergen, men samtidig gjekk det lettare enn eg hadde føresett meg. Eg kjem til å sakne Vektertorget med alle dei svette, motiverte menneska, og tebutikken som eg nettopp hadde oppdaga, og den billige etiopisk-eritreiske resturanten som eg åt så alt for få måltid på. Eg kjem til å sakne Pernille frå kollektivet, og å kun vere pliktig til å vaske fellesarealet kvar 7. veke. Eg kjem til å sakne å jogge til Kiwi over brusteinane. Og eg kjem til å sakne at det aldri var meir enn eit kvarters tid til noko.                            Plutselig var eg tilbake i gamle Volda. Ingenting har so langt våre verken nytt eller overraskande. Dei hundre meterane heim frå Ida luktar enno som rått, kjølig regn på grusveg. Når enn er på slike plassar der enn ikkje har nokon grunn til å tenkje på om det skjer forandringar rundt enn, verdt det uendelig mykje lettare å fokusere på seg sjølv. Velkommen, fantastiske ego-sommar!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits