Ukarismatiske sitat

I går var ein veldig opplyst dag, med mange flotte innfall og innsyn. I dag, derimot, har bestått av kollokvie, pugging og tv-sjåing. Skal forsåvidt ikkje klage over det, men det forklarar kanskje kvifor eg har funne (enno ein) ting å irritere meg over. Nemleg sitat som dette:

- "I am somebody. I am me. I like being me. And I need nobody to make me somebody."

Eg forstår at meininga bak dei er flotte, og at personen som har limt inn dette sitatet anten under "favorittsitat", som profilbildetekst eller tvers over eit vennebilete ikkje har meint noko vondt med det. For nokre funkar det sikkert for å betre sjølvbiletet sitt; og tru meg, det synes eg er kjempeflott. Men eg skulle ønske det gjekk an å bruke betre formulerte sitat. For dette... Nei. Berre, nei. Det er så tomt og døllt og gjentakande og upersonleg som det kan verte, og eg forstår ikkje heilt korleis det kan representere den personlege styrken til sjølv det mest ukarismatiske mennesket. Jenter, dykk fortener betre enn dette. Hugs det.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits