Tre nye livsvisdomar og eit oransj ønske

Har lest ei bok i det siste; Lev livet uten bekymringer av Dale Carnegie. Du tenkjer kanskje at du ikkje treng ei slik bok, men tru meg; JAU - det gjer du. Eit sitat frå boka fekk ei lyspære til å poppe opp over hovudet mitt, dykk veit ei slik gammaldags stor glødepære, som i teikneseriar:

I dag er vår mest kostbare eigedom. Den er det einaste vi eig.

Eg fekk lyst til å springe til nermaste tattoveringssjappe og få det printa inn med ein einaste gong. Det er så innlysande, men eg tenkjer veldig sjeldent på det. Fy flate så eg kan irritere meg sjølv. 

Ok. Så det var livsvisdom nr. ein. Livsvisdom nr. to handlar om å tørre å gjere det ein vil. Det ein vil, men som likevel vert sett på som eit lite tiltak i byrjinga. Som for eksempel å gjere litt morgenyoga kvar dag. Eller å setje av tid til å lese i ei bok du likar. Om du fyller dagane dine med slike små moment av ting du virkelig likar, er det nok enklare å pløge igjennom det som er mindre kjekt. Ida sendte meg ein video som presenterte meg for ein ny måte å innføre slike ting i livet sitt på. Det var så enkelt som dette: prøv det i tretti dagar. Eg syntes det var ein smart tanke. Har bestemt meg for å prøve det sjølv.

Den tredje livsvisdomen gjekk opp for meg i går. Nils og eg var på vei til oppoverbakkane - for å finne den perfekte solslikkeplassen. Vi prata om fotografering, og kva det har å seie for minna våre. Dei stundene i livet der du brukar kameraet aktivt er også dei du best har sjans til å minnast (med unntak av dei mest revolusjonerande augneblinka, kanskje). Så; kvifor skal ikkje sjølv små augneblink dokumenterast med foto? Ikkje nødvendigvis alskens granolafrukostar. Men andre ting; turen heim frå butikken då du såg det grøne tredet som fekk deg til å tenkje at det snart er sumar; augeblikket der det tunge vårregnet fløymde frå hovudet og traff brusteinane med eit skingrande klask.

 

SÅ, kort oppsummert. Eg bør/må/skal:

1 - Vere klar over at i dag er no
2 - Innføre ting eg likar, i min kvardag
3 - Fotografere for å hugse. Både det gode og det mindre gode. 

 

Har forresten kjempelyst på slike:

Styggtøffe.

2 kommentarer

Annette E.

26.05.2013 kl.00:08

Så fin blogg du har !

God helg :)

Frida

27.05.2013 kl.00:58

Annette E.: Bullshit. God helg! :D

Skriv en ny kommentar

hits