Luksusproblem

Etter å ha sett filmen "monster" som avbrekk frå lesinga til mi "grusomme" oppgåveinnlevering forstår eg kor utruleg naiv eg kan vere av og til. Eg har deppa og fortvila noko inderleg over at eg ikkje har kome inn på mitt aller høgste ønske om skuleplass - sjølv om eg eigentleg var innstilt på å få avslag. Og det faktum at eg ikkje er heilt sikker på om eg får bu på samme plass som kjærasten min til hausten, eller hausten etter der, og kanskje etter det; gjer ofte at eg ikkje får sove skikkelig.

Men herregud, han er jo min. Eg har jo nokon (den beste for meg). Og eg har gode karakterar. Og framtidsutsikter. Og ambisjonar, og eg har all grunn til å prøve å nå dit eg vil; fordi eg er blant dei best stilte menneska i heile verda. Eg kan velge å vrake mellom alle tenkelige utdanningar og jobbar. Eg slepp å bekymre meg for økonomi, så lenge eg held forbruket på eit kun smått lukeriøst nivå.

Eg vart fødd heldig. Det har skjedd så fantastiske ting i livet mitt (allereie i ein alder av 19 år) at eg ikkje lenger klarar å tru på tilfeldigheiter. Av og til må eg berre ta meg sjølv i nakken og minne meg på at eg slett ikkje har det grusomt. Nokre gongar trengs det eit alvorleg hardt perspektiv for å minne meg på det. Og det er eigentleg litt flaut, for det burde ikkje vere vanskelig. Det er vel kanskje fordi enn har lett for å samanlikne seg sjølv med menneska rundt seg. 

Om nokon kunne tenkje seg å slå til meg med ei pute no og då og seie "HUSK PERSPEKTIVET", hadde det våre fint. På førehand takk.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits