Barbarella

Såg "Barbarella" i kveld, mest fordi den var anbefalt på netflix. Eg fattar ikkje kvifor. Den handlar om ei kvinne frå jorda som alltid går kledd i så lite som mogeleg; ho har fått i oppdrag å ta med "Duran Duran", ein slags edel krigar eller noko, heim att til jorda. På reisa til å finne han vert romskipet hennar øydelagt to gongar, ho ligg med ein engel og ein mann kledd i pels, og eg tippar at det gjekk med omlag femtisju tonn plast til å konstruere våpena og romskipa som var med i filmen. Litt underhaldande da, men ikkje verdt noko skikkeleg omtale. 

Dette biletet oppsummerar filmen godt:



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits