Seven

Frå i dag av: filmomtalar. Temmelig korte og presise, utan for mange kritiske morsomheiter. Filmomtalar skal vere nyttige, ikkje underhaldande. Det er i alle fall mi meining.

Seven (1995)

Sjanger: Thriller
Regi: David Fincher
Skodespelarar: Morgan Freeman, Brad Pitt, Kevin Spacey



Dette skjer
: Detektiv William Somerset (Morgan Freeman) er ein undervurdert detektiv som jobbar for amerikanske kripos. Han har ein tanke om at alle mord har eit motiv; noko sjefen hans finner svært irriterande; kvifor kan ikkje ting berre vere slik dei ser ut til i byrjinga? Somerset hamnar i ei uforklarleg sak berre dagar før han skal pensjonere seg, og samtidig vert detektiv David Mills (Brad Pitt) kasta inn i sin nye jobb, side om side med Somerset. Dei to er så forskjellige at det straks vert eit irritasjonsmoment. Etter litt om og men skjer det sjølvsagte; dei vert tvungne til å samarbeide. Ein usedvanlig seriemordar er nemleg på ferde. Mordaren har teke inspirasjon til drapsmønsteret sitt frå dei sju dødssynder; hovmod, grådigheit, lyst, misunning, fråtseri, vrede og latskap.

Er det godt nok? Ja. Hollywood-dramaturgien har bleikna, spenningsmomenta er mange og actionen er subtil nok til å vere sjåverdig. Skodespelarprestasjonane er sikre og gode. Slutten er berre middels enkel å sjå føre seg. 

Terningkast: 4/5. 
Merk: Ikkje min favorittsjanger. Fortjener nok eigentleg ein rein femmar.  

Ansiktsuttrykk undervegs:

Etter ca ti min



Omtrent midt i filmen



Ved slutten av filmen



Én kommentar

Nils

18.01.2013 kl.08:23

Syns den e ganske so sjuk!

Skriv en ny kommentar

hits