Siri vil, eg prøvar

http://sirivil.blogspot.no/ har altså den beste bloggen eg veit om. Ho er ekte, og bloggar om kva å gjere på i staden for å gjere ting for å blogge. Når Siri no la ut ei liste over ting ho var takknemleg over, kom eg på at det er lenge sida eg har gjort noko liknande sjølv. Dermed tenkte eg at eg skulle forsøke.

Så, her er alt eg kan kome på at eg takknemleg for - i alle fall akkurat no.

1. Eg er over halvvegs ferdig med julegåveinnkjøp
2. Eg har mange å gi gåver til
3. Søstrene Grene, som har fått inn nye små pappøsker med motiv
4. Havregraut med rosiner og kanel til frukost
5. Lush 
6. Badelilje og faste såper som får meg til å lukte fresht fleire timar etter eg har dysja
7. Informasjon om turen til Kina og Japan
8. Innleveringa av det som skal telle som 50% av karakteren i faget som eg får 20 studiepoeng for
9. At det er mindre enn ein månad til Nils er ferdig med alle eksamenane sine
10. Muse-konsert snart
11. Akkurat kaldt nok ute til å sette ekstra pris på dyna sin eksistens
12. At eg har blitt flink til å verte så fysisk sliten at eg (nesten) fryktar for om eg klarar å gå heim etterpå
13. Bananar
14. Å ha kjempegod tid til å lese før eg søv
15. Sports-BHar
16. Sports-sokkar
17. Blåtime
18. Den nye STYRK-melka frå Tine (sjølv om den er alt for dyr); perfekt smak og konsistens
19. At Kiwi har langopent kvar dag
20. Asics Gel Kayano 
21. Kollektivet på TV2 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits