Sjølvmotseiing?

Eg som klagar så mykje på at andre promoterar seg sjølv og si fantastiske trening heile tida følar no at eg på ein måte har svikta meg sjølv litt. Og no kjem eg til å gjere det enno meir, for skryting må til om dette innlegget i skal kunne vere forståelig. Tingen er at eg har hatt alt for mykje tid til overs i det siste, og det har resultert i eit stort behov til å finne på kva som helst. Denne kva som helsten har tilfeldigvis blitt trening. Så sjukt mykje trening, i forhold til det eg har gjort tidligare i haust. Høyr mine synder:

Forrige onsdag, torsdag, fredag, laurdag: Styrketrening på soverommet før eg la meg. Svømming ein eller annan av desse dagane også.
Søndag: Spinning. Tok meg ut. Klarde såvidt å gå tilbake til kollektivet. Så tilbake ein halvitme seinare; yoga. Vil ikkje seie det er trening, men det er vel eit eller anna. Så styrketrening på soverommet. Ny personleg rekord i å stå planke: 3 min ca 15 sek. Hugsar ikkje heilt, men i alle fall så lenge. Eg vart forbløffa.
Mandag: Styrketrening med Nils. Mange rare øvelsar. Småtungt undervegs, ok etterpå.
Tirsdag: Styrketrening med Nils & co. Fleire rare øvelsar. Drittungt undervegs, rastlaus etterpå.
I dag: Må ha meir.  

Må minne dykk på at eg gjer dette først og fremst for å ha noko å ta meg til. Eg er ingen treningsfreak, yo. Litt kjøt på beina skadar ikkje, men ingen store planar. No worries. Det skal nok gå bra.

Og eg LOVAR kors på halsen ti knivar i hjartet at eg ikkje skal leggje ut speilbileter av meg sjølv i treningskleder. Lovar.

2 kommentarer

Nils

21.11.2012 kl.10:51

Du må legge dej før!! Frøken nattaktiv..

Frida

21.11.2012 kl.20:16

Du e ikkje mammaen min.

Skriv en ny kommentar

hits