Såg ein mann med kvikklunchfarga hue under eit kvikklunchfarga tred

Heilt sant. Desverre hadde eg ikkje med kameraet akkurat når det skjedde. Men det er sant.

Noko anna eg dermed kan dokumentere er at eg endeleg har fått benytte mit sjølvlaga fancy-kort-utan-dyre-material-frå-hobbybutikkar-sett! I dag hadde nemleg Torbjørn på IKF120-gruppa bursdag. Då fekk han kort, som matcha navnet:



Det vart også organisert gåvedryss, i form av at eg og eit par andre kasta seks pakkar spørsmålsteikntyggis på Torbjørn på eit planlagt tidspunkt. Han blei svært glad for det. Han et alltid slik tyggis. 

Minstebror har også bursdag i dag, men han bur desverre i Volda. Når eg var på besøk der forrige gong pakka eg og Isak inn Muse og Foo Fighters- cdar pluss ein pakke pærete, i gråpapir som vi pryda med sprittusjillustrasjonar. Det var tydelegvis også vellukka; eg mottok eit trøtt, smilande tryne over mms i sjutida i dag tidleg.

Enno ei gladnyheit var synet eg vakna opp til i dag tidleg. Rotet mitt såg i denne augneblinken heilt perfekt ut, beståande av bulldogputa, ranselen min og min aller nyaste og absolutt dyraste BH nokon gong. Den er verdt det: null supersilikoninnlegg og drittliten rundt. Får ikkje slike på HM, uheldigvis.



Elles har det vore fullt kjør i det siste. Jobb nesten kvar dag og ein heil del skulearbeid, pluss "normale" ting som skal ordnast ut i. Då er det viktig å vere flink til å ta pauser, og det vil eg absolutt påstå at eg er. I dag har eg for eksempel brukt litt tid på å plukke ut dei aller finaste greiene frå topshop. Dei er totalt kresj når enn ser dei slik, men det var litt kult også. Har ekstra store abstinensar for kleskjøp akkurat no fordi eg har avtalt med meg sjølv at eg skal bruke minimalt med pengar på det. Ikkje det at eg kjøper spesielt mykje til vanleg, men det merkast godt når enn har veddemål med seg sjølv. Eg skal vinne.


Over alt dette. Søren.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits