Facebook er nede

Av og til tenkjer eg at "frå i dag av skal eg blogga kvar dag". Det skjer aldri. Men det er ein småfin tanke. Av og til innbiller eg meg sjølv at eg kjem til å få eit litt meir innhaldsrikt liv om eg bloggar om det. Men det hadde vore ekstremt mykje meir motiverande om eg visste at eg kom til å få typ 200 positive responsar på det eg posta.

No chance, men kanskje ein. Ja, Nils, dette vert di oppgåve.

Trur eg tek ein slik klassisk "i dag har eg". Først var eg på skule skikkelig lenge <- skikkelig uinteressant. Har stort sett brukt dagen i dag på skulearbeid, rydding og chilling. <- lærer jo aldri. Men det er ein grunn til at eg har rydda <- sett inn morosamt verb av fritt val i dag. Eg får nemlig besøk av Vegar i morgon!!!! Jepp, mitt første besøk sidan eg flytta hit (om ein ser vekk frå sjukehusbesøket til bror og pappa, sjukehuset er berre tilfeldigvis i Bergen). Det er eigentleg svært vemodig å tenkje på at ingen har kome hit på over to månadar (ikkje heilt sant, Ida var her eit par dagar, men ho har jo kjærast her og så eg ville ikkje vere urettferdig. Dessutan er vi ikkje døyr-om-eg-ikkje-ser-deg-snart-vennar, sidan vi alltid latar som om vi ser kvarandre kvar dag når vi møtast. Det er fantastisk). Men så har eg heller ikkje våre nokon annan plass. Reising er skammeleg dyrt.

Tenkte å vere så freidig å poste oversiktsbilete av mitt no uvanlig ryddige rom. Det er ein svært god grunn til at dykk ikkje får sjå før-bilete.

Når eg ser dette biletet av vindauget mitt tenkjer eg tilbake på i går; eg kom heim og tenkte å legge meg nedpå litt fordi eg alltid er dævvtrøytt etter skule, men det kunne eg ikkje. Det stod nemleg ein mann i stillaset utanfor som er rigga slik at "golvet" som arbeidarane går på er på nøyaktig høgde med vindaugskarmen min. Og eg som har gjennomsiktige gardiner, da.

Har forresten målt rommet, og det er faktisk ca ti kvadrat. Ikkje fem, som det ser ut som her. Eigentleg passa det kjempebra at Vegar skal kome på besøk akkurat no, for rommet såg verkelig ikkje ut og eg hadde aldri orka å shine det for andre grunnar enn å oppretthalde ei viss ære. Som dykk ser har eg gått drastisk til verks for at gjesten min skal trivast. Nesten gjort om på heile rommet.



Når eg var ferdig med ryddinga var det einaste eg kunne gjere å stikke ein tur på badet for å transformere meg sjølv om til ein superbimbo. Det gjekk som vanlig over all forventning.

Når eg først held på med denne sjølveksponeringa vil eg nytte anledninga til å legge ved eit bilete av korleis auga mine såg ut for eit par dagar sidan. Hadde fått drypp i det eine. Superkult. Dette er uredigert.



Scaryscary. Og til slutt, før eg går heilt tom for blogglyst; dagens outfit:

Topp: HM
Bukse: Bula
Sokkar: Nille
Hår: DIY-prosjekt. 

Xoxo. Neida.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits