Mine grunnar til å ikkje like store mengder av tvungen lesing av teori for å oppnå kunnskap

1. Det fører til passivitet, og for meg dermed også rastlausheit

2. Ved for lange leseperioder får det igjen motsett virkning; eg vert sløv, uinteressert og lei av tilværelsen

3. Variasjon er sunt og gir breiare erfaring innan læring, det seier seg sjølv. Utrulig at dette ikkje vert meir vektlagt.

Helst skulle eg ønske at alle forelesningsklasser og skuleklasser vart delt opp i mindre grupper, slik at alle elevar og studentar fekk større mogelegheiter til å uttrykke seg muntlig i tillegg til skriftelig. Det er bra å kunne snakke for seg sjølv, og det kjem godt med i løpet av livet. Om nokon påstår det motsatte fell dei med ein gong i grus av min motseiande argumentasjon, så den saka er tapt uansett. Dessutan har eg personlig våre vitne til at opning for stor munnlig aktivitet i timar og på forelesningar har ført til eit større engasjement blant elevar og studentar. Dei som såvidt maktar å få ståkarakterar kjem også med innspel, berre dei får sjansen til det. 

JA TIL BÅDE ARGUMENTASJON OG DISKUSJON I STADEN FOR EINVEGSKOMMUNIKASJON. Ja, fy flate.

 

 

For ikkje å snakke om det visuelle. Men det tek vi ein annan gong.

XOXO.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits